Eit stort energi-subsea konstruksjonsskip skal realiserast, med opsjon på eit systerskip. Eit Herøy-Sande-samarbeid av beste merke, til dømes som då Larsnes Mek. for nokre år tilbake bygde to nye ringnotbåtar, Eros og Kings Bay, for herøyreiarar.

Rem Offshore har for lengst gått forbi storleiken dei var på då Solstad slukte reiarlaget. Åge Remøy bygde det opp att, flytta tilbake til sine gamle lokale i Fosnavåg sentrum, og der tek Lars Conradi Andersen no selskapet vidare.

Med bygginga av eit miljøvenleg, fleirbruks konstruksjonsskip slår reiarlaget skikkeleg på stortromma, og signaliserer vidare satsing innan dette segmentet.

For Myklebust Verft sin del er oppdraget ei fin utfordring, eit signalprosjekt som det tradisjonsrike verftet i Gurskevågen heilt sikkert vil takle på utmerka vis.

Myklebust Verft er kjend for si allsidigheit, med fleire gode referanseprosjekt opp gjennom åra både når det gjeld offshore, brønnbåtar, ferjer og «you name it». Etter eit par år med lite nybyggingar i ordreboka har verftet verkeleg fått opp dampen igjen.

I samband med nyheitssleppet om konstruksjonsskipet vart det peika på at dette også vil skape ringverknader i den maritime klynga. Framover i tid vil vi heilt sikkert få høyre om fleire bedrifter, ikkje minst på Nordvestlandet, som skal levere til Rem sitt komande nye flaggskip.

I dette tilfellet har faktisk verft og reiarlag litt felles eigarmasse, noko som ikkje er unikt i næringa. Det at nøkkelpersonar i næringslivet har ein eller fleire interesser både her og der, er oftast ein fordel snarare enn ei ulempe. Vi gratulerer reiarlag, verft og designselskap med bestillinga og kontrakten.