Den høge og smale brua, midt i hjartet av ytre søre, vekkjer i seg sjølv oppsikt. I alle fall trafikken her. Dragsundbrua har blitt ein flaskehals av dimensjonar, ikkje minst etter at det vart sett i gang med lysregulering på staden.

Ja, vi skjønar behovet for å vere ekstra merksam her. For når to storbilar møtast på brua, skjer det med nokre centimeters klaring. Og situasjonen for mjuke trafikantar er ikkje trygg.

Så kom fylkeskommunen på at den mellombelse lysreguleringa som har vore innført ved snøbrøyting på brua, kanskje kan bli permanent. Resultatet av lysreguleringa er lange køar og faktisk opp i eit kvarters venting.

Det heile er ei fallitterklæring, som meir enn noko anna syner behovet for ei ny bru, snarast mogleg. Mange meiner trafikklysa bør erstattast av lågare fartsgrense, til dømes 40-sone, over brua.

Det kan vere ei grei mellombels løysing fram til den nye brua er på plass.